Laster...

Nylenda gård har ein flott beliggenhet midt på Nesoddlandet med skogen som næraste nabo. Dette gjer garden lett tilgjengelig for mange. Gode bussforbindingar frå Nesoddtangen, samt frå Vinterbro.

Nylenda Gård er eit småbruk med småskalaproduksjon av grønsaker og egg. Direktesal frå garden. Vi har også eit par sauer som har ansvar for å halde kulturlandskapet ved hevd, samt bikuber og katter. Vi har 12 mål dyrkbar jord. Her dyrker vi grønsaker, samt produserer høy til sauane. Vi slår graset med ljå og tohjulstraktor og hesjer på gamlemåten.

 

Dag Halvor Tveiten og Sara Leinaas er forpaktere av garden. Dag Halvor er utdanna førskulelærar og har jobba som pedagogisk leiar i mange år.

Sara har studert økologisk landbruk og har erfaring frå arbeid med husdyr og grønsaksproduksjon, samt arbeid med barn og eldre. I tillegg har ho jobba med arbeidsførebuande trening og varig tilrettelagt arbeid, der ein nytta gard som arena.

Med på laget har vi Annikken Jøssund. Annikken har studert mat, miljø og utvikling ved NMBU. Ho har brei natur og miljøkompetanse med fokus på landbruk, matkultur og bærekraftig læring.Ho har gjennom mange år engasjert seg i ulike landbruksrelaterte prosjekt, med særleg fokus på tilrettelegging for barn, ungdom og eldre.

Saman vil vi ønske deltakere velkome på garden.

 

Alle brukergrupper er velkomne til Nylenda, men vi har eit spesielt fokus på barn og unge, samt eldre med demens.

Tilbod:

  • Sesongbaserte aktiviteter som grønnsaksdyrking, birøkt, vedhogst og lignende. 
  • Regelmessige faste aktiviteter som for eksempel dyrestell og matlagning 
  • Fokus på sanselighet, fysisk aktivitet og mestring

 

Nylenda gård

Kontaktperson: Sara Leinaas og Dag Halvor Tveiten
Adresse: Baltserudveien
Kommune: Nesodden
Mobil: 952 28 945
E-post: saraleinaas(at)gmail.com

Tilbud: Skole og oppvekst · Aktivitet-Trening-Arbeid-Språkpraksis · Barn og familie · Dagaktivitetstilbud


 

Billedgalleri